Ny pensjonsordning for sjømenn

Fleire sjøfolk vil kunne tene opp pensjon når regjeringa no legg fram ei ny pensjonsordning for tilsette i sjøfartsnæringa.



Arbeids- og sosialdepartementet la fredag 24. mai fram lovforslaget til ny pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs.

– Med desse endringane vil langt fleire enn i dag kunne tene opp rett til pensjon. 

Det vil løne seg for dei å stå lenger i jobb, og det vil bli lettare å få seg nytt arbeid utanfor næringa utan å tape pensjon. 

Eg er nøgd med at vi har fått på plass denne delen av pensjonsreforma, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.


Tilpassa pensjonsreforma

Forslaget er tilpassa pensjonsreforma og tenestepensjonsordningane i privat sektor og har vore på høyring.
– Pensjonstrygda for sjømenn blei oppretta i 1948, og ei ny pensjonsordning er nødvendig for å sikre sjøfolk ein pensjon tilpassa dagens pensjonssystem, sier Hauglie.

Brei tilslutning
I den nye pensjonsløysinga tener ein pensjon opp av eigen inntekt, slik som i andre tenestepensjonsordningar. Pensjonen kan takast ut frå 62 år og ein kan kombinere 

pensjon med arbeid. Proposisjonen inneheld overgangsreglar frå dagens ordning til ny ordning. 

Lovforslaget byggjer på sjømannspensjonsutvalet si innstilling, med nokre justeringar.

– Utvalet sitt forslag fekk i hovedtrekk brei tilslutning i høyringa. Dette syner at løysingane er ønska både av tilsette og deira organisasjonar, og av arbeidsgivarar og deira organisasjonar, avsluttar statsråden.



0 0